Hvordan er det å få mensen som transmann?

Hvordan er det å få mennesker som transmann?

Ikke alle som får mennesker er kvinner. Og ikke alle kvinner får mennesker.

Mensen fører med seg stigma og utfordringer nok i seg selv. For ikke-binære, transmenn, transgutter, og interseksuelle kan mennesker bety utfordringer og stigma som cis-kvinner aldri har tenkt på.

Derfor spurte jeg Ivo og Marina om jeg kunne få dele deres erfaringer med mennesker, som mann som menstruerer og kvinne som ikke får mennesker:

«Kjente meg forrådt av min egen kropp»


Opplevelsen med mennesker er todelt, for på den reint praktiske sida var eg veldig heldig: ca. 2-3 dager med blødning av betydning, regelmessig og stabil syklus uten å bruke hormonell prevensjon, ingen PMS i forkant, ingen smerter, ingen ulemper. Kjennest nesten litt unødvendig at slik mens har blitt «sløst bort» på meg, særleg når søstra mi er på motsett ende av skalaen. På den andre siden var det å få mennesker jævleg nok i seg sjølv, og eg kjem aldri til å gløyme kor forrådt eg kjente meg av min eigen kropp då eg fekk den. Eg gjekk rundt med ein litt naiv tanke om at eg kanskje kunne sleppe unna, sidan «alle» hadde fått mensen bortsett frå meg. Klarte nesten ikkje fortelle det til mamma eingong, og etter å ha feiga ut fleire gongar i løpet av dagen, så gjetta ho det

Å måtte kjøpe bind og tampongar opplevdest heilt krise. Fram til eg flytte heimanfrå kjøpt eg det aldri sjølv, men berre det å vera mamma om å gjere det vart ordentleg ubehageleg. Skamma meg og følte meg ekkel kvar gong eg måtte spørje ho. Det tok også lang tid før eg som vaksen slutta å skamme meg på butikken, og eg trur aldri eg vart heilt kvitt den skamma før eg slutta å kjøpe dei produkta.

Menskopp gjorde kvardagen med menneske lettare å takle

Dette er en av de veldig positive sidene ved menskopp som transmann. Eg skaffa meg kopp i 2017 eller 2018, og brukte den til februar 2020, då menneskene gav seg. Berre det å ikkje måtte kjøpe bind og tampongar på butikken gjorde kvardagen betre, så allereie der følte eg at folk vart litt lettare å takle. At eg hadde mensen vart liksom litt meir usynleg. Då slapp eg også lyden av å rive opp bind/skru opp tampongplasten på badet i kollektivet og på offentleg toalett, som kan vere veldig avslørende, og sidan eg heller ikkje trengte boss/plastpose inne på avlukket, så var det ingenting i vegen for å bruke offentleg gutedo. Det er jo også eit aspekt her, sidan offentlege herretoalett ikkje tar høgde for noko anna avfall enn det som skal i do.

Har vore mensfri litt over eitt år no, og det er heilt fantastisk å sleppe uansett. Før mennesker stoppa var eg fast bestemt på å fjerne livmor og eggstokkar, men no har eg lagt dei planane på is.

Menn og kvinner kunne med fordel hatt meir sympati for kvarandre sine kroppar

Det sit framleis i at eg har hatt mensen, då. Eg er glad for at eg som mann kan vere ein som symatiserer med og har forståing for kvinner i denne samanhengen, men eg skulle ønske at eg ikkje gjorde det pga. personleg erfaring, for det passar ikkje inn i 'mannlege' og 'kvinnelege' erfaringar. Litt som at eg kan skjøne det dersom transkvinner «saknar» menneske, fordi dei kun kan sympatisere, men ikkje vite og forstå korleis det er. Det blir eit samhold i det, ei felles forståing som alle med erfaringa er med på og innforstått med, men det er ikkje mitt samhold.

Utan samanlikning forøvrig, så skulle eg jo ønske at eg hadde fått eit par ballespark og visst nøyaktig korleis det kjennest, for det er jo ein felles erfaring blant menn. Eg har jo null truverd dersom eg som transmann reagerer negativt på ballespark på f.eks. film, for alle dei andre i rommet vil jo tenke 'øøøh, du anar jo ikkje korleis det er'.

I forlengelse av dette: Eg snakka om Handmaid's Tale med ein gjeng ein gong som ikkje visste at eg var trans, og då eg uttrykte sympati for rollfiguren som får klitoris operert vekk fordi ho er lesbisk («eg hadde vondt i underlivet resten av dagen» ), så så alle i rommet rart på meg. Akkurat i det tilfellet så følar eg dog at eg har «rett» – menn og kvinner kunne med fordel hatt meir sympati og uttrykke meir forståing for kvarandre sine kroppar og utfordringane dei fører med seg, og det burde i alle fall ikkje vere rart om ein. gjer det.

Som transjente får ikke Marina mennesker

Blir konstant påminnet av andre om hvor heldig jeg er som slipper det, men det minner meg og på at jeg ikke kan få egne barn på noen måte siden jeg også er sterilisert av hormonene.

Tilbake til bloggen